Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 239

4.8.1

Erstatningsansvaret til kraneigaren kan for det første byggje på arbeidsgivaransvar etter § 2-1 eller det ulovfesta objektive ansvaret.

Ansvar etter § 2-1 føreset at kranføraren eller andre tilsette har opptredd aktlaust i tenesta. Opplysningane i oppgåva om materialtrøyttleik tyder ikkje på aktløyse frå kranføraren eller andre tilsette si side, sjølv om det kan spekulerast på om nokon har brote skrivne sikkerheitsreglar om kontroll av krana nettopp for å avsløre materialtrøyttleik. Det er heller ikkje opplysningar i oppgåva som gjer det mogleg å konstatere aktløyse i samband med monteringa. Eg går derfor ut frå at det ikkje er grunnlag for arbeidsgivaransvar etter § 2-1.

Neste aktuelle ansvarsgrunnlag er ulovfesta objektivt ansvar. Slikt ansvar kan plasserast hos bedrifter som driv såkalla farleg verksemd, det vil seie ei verksemd som inneber ein større risiko for skade enn den som følgjer av den alminnelege risikoen i dagleglivet. Risikoen må vere stadig, og erstatninga blir avgrensa til typiske skadar for slik verksemd.

Løftekraner er farlege. Risikoen er stadig så lenge krana er i verksemd, og typiske skadar er dei som følgjer av at noko ramlar ned eller at ei kran veltar eller går sund. I RT-1969-109 (Løftekrandommen) braut ei kran saman omtrent slik det er skildra i oppgåva, slik at eigaren av byggjeplassen opplevde omfattande tap på grunn av store materielle skader. Høgsterett kom til at kraneigaren måtte ha ulovfesta objektivt ansvar.

Høgsterett uttalte mellom anna dette:
«Bruken av store løftekraner fører fra tid til annen til at det voldes skade. Den som driver kranservice som ervervsmessig virksomhet, kan forutse dette, og han må være ansvarlig for skade som virksomheten kan ventes å føre med seg uten hensyn til om skaden i det enkelte tilfelle skyldes feil av en art som sjelden forekommer. Han er også den som gjennom aktsom bruk, tilsyn og vedlikehold har størst mulighet for å forebygge at en kran blir svekket med den følge at det kan voldes skade ved en belastning som kranen er forutsatt å skulle tåle.»

Konklusjon: Ulovfesta objektivt ansvar skulle derfor vere på det reine.

4.8.2

Læraren har løysingsforslag